tirsdag 30. juli 2013

Velkomen inn i leikehytta :)

Endeleg kan eg vise fram leikehytta innvendig. 
Den er no så og seie ferdig, etter mitt syn. Ariel har imidlertid vore 
fornøgd med den lenge ;)

Ute er hytta pynta med ei vimpelrekke.
(enkelt laga ved klipp og lim)
To fine tallerkener funne på loppis pynter over kjøkenbenken.
Lampa er kjøpt på Ikea. Mannen skal fikse det 
slik at den kan brukast :)
 Bordet og stolane er også frå Ikea. 
Dei er måla og tapetsert voksduk på :) Rammene på veggen har Ariel
fått måle sjølv. Inne i dei har vi plassert 
bilder av jentene.
 Eg har kjøpt eit koppesett billeg på ein bruktbutikk. 
Dette får dei bruke i leikehuset. Som regel går det roleg for seg, 
men skulle noko bli knust er det
 ingen krise :)
 Kjøkkenbenken er ei plate hengt opp med hylleknekter. 
Eg har sydd eit forheng og hengt opp under. Hylla på veggen er eit loppefunn 
som eg har "pimpa" med dekorpapir.
Tusen takk til alle som stemte på meg i utfordringa; Sommer på Jorda hos Nib. 
Eg vart så overraska og ikkje minst glad når eg såg at eg hadde vunne. 
Jubel i heimen :)) Og igjen tusen, tusen takk!
Eg må ha dei finaste leserane!!! :)

Ha ein herleg tysdag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 24. juli 2013

Finalist!!?!

Hurra! Eg er finalist i denne månadens utfordring hos NIB; Sommer på jorda. 
Det er Ingvild Hemma innehaver av Ment som har valgt ut finalistane. 
Deriblant har ho valgt ut bildet mitt;
Dette skriv ho om bildet;

Elsker perspektivet med fjord og fjell i bakgrunnen, 
og det er nesten så jeg hører NRK P1 og reiseradioen..! 
Dette ER norsk sommer!

Eg er så vannvittig glad og stolt over å bli valgt ut. Tusen takk!!
Det er litt av eit selskap eg er i. Finalistbildene er fantastisk fine alle saman! Her blir det hard konkurranse ;) Om du trykker her kan du sjå finalistane. 
Og stem gjerne på din favoritt. Du kan stemme ein 
gong kvar dag fram til 26.juli kl.21.00 :)

Her skin sola, herrlig 8-)
Ha ein super dag!

Klem frå (veldig glad) Bjørg :-)

tirsdag 23. juli 2013

Sommar!

Endeleg kom sola og ikkje minst sommarvarmen til Nordfjord også. 
Så no gjeld det å nyte, og vere ute mest muleg! :)
Eg håper sola skin på deg!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 20. juli 2013

Lätt barnebord og stoler...

...har blitt nye!
På Bergensturen min kjøpte eg dette settet på Ikea til kr 198,- 
Dette er moro som utgangspunkt for 
ein enkel makeover ;)
Med rosa måling og voksduk (frå Rice) festa med tapetlim, 
så vart det meir fargerikt og festleg å sjå på.
Ariel brukte det som teiknebord dei første dagane, 
men no er det komt på plass i leikehytta der det skal bu. 
I leikehytta gjenstår det berre litt til, så er der ferdig innreia. 
Eg gleder meg til å vise dokke!
Ha ei herleg helg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 18. juli 2013

"Sol, sol kom igjen...

...sola er min beste venn.
Vekk med skyer, paraplyer. Hold nå opp å regne!"
Sangen vi song som små passer veldig godt i desse dager. 
Det er ikkje mykje sommerver på vestlandet, nei!
Men det ryktast at det er på veg.
Stort smil :)
I mellomtida blir det mykje leik hos oss innandørs. 
Leik seier du? Kor er leikane?
zoomer vi litt ut..
Og litt til...
Jepp, sånn kan eg "lure" dokke til å tru 
at det "alltid" er ryddig her ;)
Ha ein strålande torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 16. juli 2013

Avslutta! Vinn eit nydeleg sengeteppe frå Jotex

AVSLUTTA!
Dei fleste har kanskje høyrt om nettbutikken til Jotex
Eg har ihvertfall vore ein god kunde lenge ;) Her finn du eit godt utval
 av gardiner, sengesett, tepper, puter og detaljer til heimen din. 
Prisane er lave og fine, og der er ofte mange gode tilbud. 

I samarbeid med Jotex vil vi gje vekk 
dette nydelege sengeteppet til dobbeltseng (260x260cm) til ein 
av de fine leserane mine:)
Eg er så heldig å ha fått det sjølv. 
Og eg er veldig fornøgd med det. Friske, fine farger som seier sommar!
Har du lyst på eit slikt sengeteppe?


Vil du ta ein titt i butikken kan du trykke her!
For gode tilbod og nyheter, kan du like Jotex på FB her!
Vil du ha lodd, gjer du slik;

1 lodd - 1 kommentar under dette innlegget.
1 lodd - Gå inn her og finn din favoritt hos Jotex.
1 lodd - linke til konkurransen på blogg/FB.

Husk å skrive kor mange lodd du tar ,
og ta med epost- adresse viss du ikkje har eigen blogg :)
Trekning 1.august.

Konkurransen er avslutta!!!

Lykke til!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 14. juli 2013

Sommer på soverommet!

Sommaren har sneke seg inn på soverommet. 
Her snakkar vi farger og "Flower-power" til 1000 ;) 
Akkurat slik som eg liker det!
 Hekleteppet fann eg på salg hos Kid
Det er kjempefint, og blir godt å ha utover hausten også.
 Sengeteppet er eg nesten litt forelska i. 
Det er sånn akkurat passe fargerikt, litt retro og litt nostalgisk. 
Og veldig, veldig fint! Sengeteppet er frå Jotex. Snart kjem det ein Give Away her 
på bloggen, der du kan vinne eit slikt sengeteppe. 
Kunne du tenkt deg det? :)
Så var den fredlege fotoseansen over. 
Det vart tid for hopping i senga ;)
Ha ein herleg søndag!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 11. juli 2013

Plutseleg var..

..det over ei veke sidan forrige blogg-innlegg. 
Dagane har gått fort. Sjølv om det har skjedd lite her på bloggen, 
så har det skjedd mykje i det "virkelege" liv :)

Eg har vore på "husmor"-ferie hos ei veninne i Bergen. 
Der fekk eg endeleg shoppa med gåvekortet (som eg vann i Nib si april-utfordring) 
Home & Cottage. Det var veldig moro!! 
Kva eg kjøpte skal de få sjå seinare ;)

Vi har også vore ein tur til Hakallegarden
som ligg i nærheten av Fiskå på Sunnmøre. Eg viser litt bilder derifrå idag. 
Dette er ein fantastisk plass både for små og store.
Garden har ei fantastisk ramme med flott natur, og du ser ut i havet. 
Her fann vi alpakka, esel, hester, høner, kattunger, kalkuner, geiter og mange andre. 
Dei fleste dyra gjekk fritt rundt oss, slik at ungane fekk kose og klappe på dei. 
Og for interiør- nerder som meg var det masse inspirasjon å hente. 
Utruleg flott tillaga. Gamle og fine møbler måla i sukkersøte farger. 
Og ein kafe kombinert med interiørbutikk. 
Fantastisk! :)
I fjøset var veggane i mint og rosa!
Køyre tur med Gråtass var stor stas! 
Om du befinner deg i nærheten, anbefaler eg varmt eit besøk. 
Du kan lese meir her!
Dette innlegget er på ingen måte sponsa, 
eg vart rett og slett litt betatt av plassen og ville fortelle om den :)

Ha ein flott torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 3. juli 2013

Nib Utfordring Juli - Sommer på Jorda

Nib- jentene si utfordring for juli er; Sommer på Jorda
I den anledning tar eg ei reprise på bildene eg har vist før av terassen vår. 
Terassen vår har endeleg begynt å ta form, slik at den både kan brukast og er passe fin
 å sjå på. Det gjenstår (fortsatt) mykje målearbeid, litt snekring og ein del 
stæsjing/planting osv. Men vi kan jo ikkje bli arbeidsledige! 
Det hadde vore kjedeleg det ;)

I sofakroken (utemøbler frå Bohus) har vi satsa på litt gresk stemning. 
Hellas er favoritt ferieplassen til meg og mannen. Så det er fint med litt 
feriefølelse på eigen uteplass. Blå skodder synast vi er typisk gresk. 
Og seglbåten i vindauget er kjøpt på 
den greske øya Naxos.
Sommarleg pådekning med kake og friske bær. 
Peoner og markblomster :)
Dette er frå den andre delen av terrassen. 
Her har vi leikehytta til jentene og ei lita drikke-kaffi-avdeling for oss vaksne. 
Utsikten vår kjem eg aldri til å bli lei av!


Leikehytta har broren min bygd av gjenbruksmaterialer. Det er snill onkel det!
Eg har måla hytta i sommarleg turkis med kvite detaljer.
Så er det berre å krysse fingrane for at juli blir fyllt av sol og varme,
 slik at terassen virkeleg kan nytast!

Sjå dei andre herlege bidraga i utfordringa her!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails